mandag 2. april 2012

Avisoverskrifter kan vera skumle

Det er ikkje alltid like lett å få med seg alt som skjer i eit kommunestyremøte. I VestNytt på lørdag kan me lesa "Går vidare med veg til Hellesøy". Det er nok ikkje rett og overskrifta gir folk eit feilt inntrykk. Saka det dreier seg om er detaljprosjektering av eit stykke av vegen mellom Nautnes og Hellesøy men det er eit arbeid som det ikkje er pengar til. Kommunestyret gjorde det motsette av det VestNytt skriv. Eit fleirtal på 14 røysta for å ikkje gjennomføra arbeidet. Les heile saka her: http://www.tverrpolitisk.no/     Eg følte eg måtte kommentera dette då eg var ein del av omtalen i VestNytt. Det var eg som sette fram forslaget om å venta til det er pengar til arbeidet. Det må elles seiast at TVØ har bidratt sterkt til at vegstrekninga no er regulert.