fredag 30. mars 2012

Stureterminalen, Mongstad og ilandføring av olje

Statoil annonserer ei vurdering av framtida for Mongstad. Det er interessant sett i forhold til framtida for Stureterminalen i Øygarden og framtidig ilandføring av olje frå nye felt. Kampen om framtida for Stureterminalen er nok ikkje over med det første. Mongstad har mange venner og politisk vert det nok arbeidd for å sikra framtida for Mongstad sjølv om det no ser ut til å vera eit taps-sluk.

Det vert viktig å arbeida for at Stureterminalen i Øygarden vert ilandføringsstad for olje frå nye felt vest i havet.