lørdag 12. mai 2012

Alexander Dale Oen - ein gigant er borte

Alexander vart berre 26 år. Gjennom 11 år følgde eg hans idrettskarriere. Han vart ein gigant. Eg var med og bar han på gullstol på Flesland etter medaljefangst. Så fekk eg hovudansvaret for å leggja til rette for ei verdig gravferd, for Alex. Det heile er uverkeleg. Presseinteressa har vore enorm. Takk til familien som eg fekk lov å vera tett på slik at det vart slik dei ynskte og til alle som hadde ei eller anna oppgåve i høve gravferda. Takk Alexander Dale Oen, du sette Øygarden på kartet heilt til det siste. Du vert alltid huska og minna.

I morgon kveld (søndag 13.5.) kl. 20.00 sender NRK programmet "Alexander Dale Oen - mannen frå Øygarden"

Eg vil takka NRK for eit særdeles godt samarbeid i høve overføringa av gravferdsseremonien fredag.