tirsdag 15. mai 2012

Sotrasambandet - langt fram

Eit endeleg vedtak for eit nytt Sotrasamband er enno ikkje gjort. Det går enno mange år før ei ny bru står klar. Det er også behov for ny veg mellom Kolltveit og Ågotnes. Køane veks og trafikken aukar på tilførselsvegar og hovudvegar på Sotra. Dette er ikkje bra, hverken for dei som bur her eller arbeider her, enten ein bur på bysida eller vestom brua. Næringslivet må etter kvart lida under dårlege kommunikasjonar.

Ei rekkje utspel frå både det eine og andre hald seinkar prosjektet. Det ser ut til at folk flest finn seg i det, merkeleg nok. Spørsmålet er kva som skjer når trafikken står heilt i stampe og hverken bil eller buss kjem fram.

Jammen har det vore mange motkrefter etter at selskapet for nytt Sotrasamband vart danna like etter tusenårsskiftet. Me trudde den gongen at det skulle ta nokre år. No er det omtrent 10 år sidan selskapet vart etablert, like lenge som ein muligens må venta på at ei ny bru står klar, - får håpa at det vert færre år.