Me (kommunen) kjem ikkje utanom planar. Å planleggja er eit krav frå sentrale styresmakter. Utan godkjente planar kjem ein ikkje langt, spesielt når det gjeld utbygging og bruk av areal, enten det er det offentlege eller private som har behov for det. Skal kommunen utviklast i rett retning må det planleggjast.
Problemet er krav til omfang, detaljering og høyring i alle retningar. Alt dette tek frykteleg lang tid. Det er for mykje byråkrati knytt til planlegging. Regimeskifte i fjor gjer også sitt til at arbeidet med kommuneplanen, områdeplanen for Rongøy og reguleringsplanen for sentrumsområdet på Rong ikkje er sluttført.
Kommuneplanen kan tidlegast vera endeleg godkjent utpå våren i 2013 og det same gjeld nok for dei andre planane også.