Det er interessant å følgja media si vinkling av saker og kor forskjellig saker vert vinkla og omtalt etter kvart som dei utviklar seg.
Familiens Hus fekk eit voldsomt fokus med ei slags slagside frå NRK Vestlandsrevyen. Så kom BT med ein anna versjon basert på rapportar som så langt ikkje er offentlege. Det står att å sjå kva VestNytt gjer, dei set sikkert på same rapporten sjølv om den ikkje er offentleg. Nokre gonger skriv ein så blekket sprutar, andre gonger vert det merkeleg stille.