I eit oppslag i Vestnytt om vassforsyninga i Øygarden kan det verka som om AP og TVØ er "gode bussar" og at me skal finna løysingar på utfordringar med investeringsmidlar. Slik er det ikkje. Otto Harkestad uttalte ved valet i fjor at "aldri meir TVØ" når det gjeld samarbeid. TVØ har sin politikk. AP får ta sin del av ansvaret saman med sin samarbeidspartnar Høgre. Dei utgjer no posisjonen, TVØ er i opposisjon.