I går var det kontaktmøte mellom Gassco, Statoil og Øygarden kommune v/formannskapet. Gassco "eig" Kollsnes prosessanlegg og Statoil driftar anlegget for Gassco. Sjølv om det ikkje er funne nye store gassfelt, synes framtida for Kollsnes prosessanlegg lys. Anlegget vil i mange år framover levera gass til Europa frå norsk sokkel. Anlegget er godt vedlikehaldt og er og vert dimesjonert for produksjon av gass i mange tiår framover.
I framtida kan det vera aktuelt å byggja rørledningsnett frå havområda i nord og sørover mot prosessanlegga som ligg langs kysten av Vest Norge. I dette bildet inngår Kollsnes prosessanlegg som ei viktig brikke. Det er bra for oss i Øygarden og ikkje minst for dei som har sin arbeidsplass på anlegget.
Gassco har og ansvaret for å utgreia løysingar for ilanføring av olje frå dei nye felta vest i havet. Sture og Mongstad er aktuelle ilandføringsstadar og for Øygarden er det viktig å sikra Stureterminalen (Statoil som eigar) si framtid.
Kollsnes prosessanlegg og Stureterminalen er høgteknologiske verksemder og Øygarden og regionen er priviligert som har desse verksemdene og mange frå denne regionen arbeider på anlegga.
Les meir om Gassco si rolle: www.gassco.no