tirsdag 20. november 2012

Konsekvensane for Øygarden kommune

I VestNytt kan me lesa at det i kommunen si historie ikkje har vore eit så høgt investeringsbudsjett som for 2013, heile 120 millionar kroner. TVØ som har fått kritikk gjennom mange år for høge investeringsbudsjett rekk ikkje opp til kneet når det gjeld AP og Høgre sitt framlegg til investeringsbudsjett for 2013 og dei påfølgjande åra.

Det avisa ikkje spør om er konsekvensane og dagen derpå. Folk flest bør spørja, kva betyr dette for meg som innbyggjar? Kva betyr det for talet på tilsette med høge låneopptak? Kva betyr det for tenestene kommunen skal yta? Det er slik at låna skal betalast attende, stort sett over 12-15 år. Låner kommunen t.d. 80 mill. kr. betyr det ein kostnad (avdrag og renter) på 8,5 mill. kr. pr. år. Det er lik 17,1 årsverk dersom ein gjer det om i stillingar. Ein plass må ein ta desse pengane frå.

Arbeiderpartiet og Høgre skal låna 147 mill. kroner dei neste 3 åra. I tillegg skal dei selja kommunal eigedom for 25 mill. kroner for å finansiera investeringane. Me i TVØ meiner at dette er uansvarleg og bind kommunen sin økonomi for mange år framover. Me kan heller ikkje utan vidare selja kommunal eigedom over natta, utan å vurdera om eigedommane skal liggja som ein reservere for seinare år.

TVØ har for same perioden investeringar som gjer at ein må låna 78 mill. kroner.  Pr. år vert det omtrent ikkje meir enn det me betalar tilbake kvart år f.t. TVØ sel heller ikkje kommunale eigedomar for å finansiera investeringsbudsjettet.