Med fare for å verta for teknisk og destruktiv er det likevel vel verd å peika på følgjande:
Etter valet hausten 2011 skulle AP og Høgre, saman med KrF og SV styra Øygarden kommune. Prosessar for å dempa utgiftene var allereide i gong og året 2012 var eit viktig år for å arbeida inn nye tiltak politisk og administrativt slik at økonomien vart trygga. Året 2012 vart ikkje brukt til det. Året 2012 vart eit år med surr og kommunen kom i eit uføre, der kommunen sin rådmann nærast slutta på dagen etter ei uryddig sak. Verdifull tid forsvann og vart ikkje brukt rett. No set ein att med kvasse tiltak som skal gjennomførast frå 1.1.2013 om ein skal få den økonomiske effekten som posisjonen har lagt inn i budsjettet. Er det halvårseffekt vert låneopptaka større, det går også utover drifta. Dersom ein ikkje får seld kommunale eigedomar så vert låneopptaka større. Det er ei mild framstilling me les i VestNytt der Utdanningsforbundet uttalar seg.
Dersom ein skal følgja budsjettforslaget frå AP og Høgre er det snakk om kostnadskutt i 2013 på opp mot 23,6 millionar kroner, ikkje 9,8 millionar som VestNytt skriv (eg veit ikkje kor dei har fått det talet frå, muligens eit tal frå rådmannen, det er i alle fall eit tal som ikkje er i budsjettforslaget). Du finn tala her, også TVØ sitt budsjett som har andre tal: https://www.oygarden.kommune.no/Filnedlasting.aspx?MId1=373&FilId=1542
Reknestykket er slik, iflg. budsjettforslaget frå AP og Høgre:
Totalt nedrekk inkl. reduserte tilleggsløyvingar: kr. 16,8 millionar
Auka avdrag og renter som følgje av nye lån: kr. 6,4 millionar (årsverknad)
Oppretting av ungdomsklubb og
her skal rådmannen ta pengar frå ei anna stad kr. 0,4 millionar
Sum kr. 23,6 millionar
23,6 millionar er lik: 47,2 årsverk