torsdag 29. november 2012

VestNytt, økonomi og framtidas skule

I offentleg sektor vert det færre pengar å yta tenester for. Sjølv om budsjetta totalt sett aukar betyr ikkje det at volumet på tenester kan aukast. Det betyr endringar som er så djuptgripande at ein kan møta framtida. VestNytt skriv i dag om Øygarden kommune og budsjettet for 2013. Høgre og AP vil kutta kraftigt, i tillegg vil dei låna mykje pengar noko som fører til at ein må kutta enno meir. Det vert altså dobbel negativ effekt.

VestNytt skriv om TVØ si haldning til ny skule på Tjeldstø, men det må nyanserast. TVØ har ikkje sagt at det ikkje skal byggjast skule på Tjeldstø. Det me har sagt at er at me vil ha ein plan for framtidas skule i Øygarden. Kor mykje skal brukast på bygg og kor mykje skal brukast i klasserommet på elevane? Det vert ikkje nok til alt. Me ser at fleire kommunar må effektivisera strukturen på tal skular.

Det må stå klart for alle at ein ny skule på Tjeldstø før eller seinare influerer på andre skular og den som ligg nærast er Blomvåg skule. Er det meininga å avvikla vesentlege investeringar som vart gjort for nokre år sidan? I kva retning vil ein transportere borna i framtida, til og frå SFO? Det må foreldra gjera sjølv. Kor arbeider folk og i kva retning vil dei køyra når dei skal levera borna i barnehage og til SFO? Kva med storleiken på klassane, kva med storleiken på fagmiljøa? Det er dette TVØ vil drøfta i ein framtidsretta plan. Den debatten er det berre TVØ som vil ta. Det betyr at heller ikkje folk flest får påvirka framtida.