Kommunestyret hadde budsjettmøte i går. Prioriteringane er ulike. Mi gruppe nådde ikkje fram med sitt budsjettforslag. Fleirtalet var i mot. Så er det nokre saker som rann ut i sanden og som er ein del av politiske prioriteringar.
PU-bustadane
Kvar vart det av PU-bustadane som var så viktige og som fleire kommunale utval har brukt mykje tid og pengar på å utgreia? Rett nok ligg det inne nokre kroner i budsjettet men det er berre for akutt behov. TVØ held fast i sitt budsjett bygging av PU-bustadar og bustadar for eldre på Tednebakkane.
Vegen til Hellesøy
I samarbeidet mellom AP og TVØ i forrige periode var det priortert vegmidlar på dette vegstrekket. No er det ikkje pengar i budsjettet til noko som helst på den strekninga. Det er ikkje ein gong omtala i økonomiplanen for dei neste åra. I desse dagar vert det bygd ein mur ved Hjelme gravplass som er ein del av vegprosjektet. Den vert no ståande i "lause lufta" til ein kostnad av 700.000,00 kr.
Jubileet i 2014 (Øygarden 50 år og grunnlovsjubileet)
Det er ikkje budsjettert ei krone til jubileumsmarkeringa. Ikkje ein gong rådmannen fann grunn til å setja av pengar til jubileet i sitt budsjettframlegg. Kulturkontoret arbeider med jubileet, men det ser ikkje ut til å ha politisk forankring lenger. Mange avklaringar må gjerast i 2013 og då må ein kjenna rammene tidleg, ikkje minst i forhold til medaktørar og sponsorar, men ingen i kommunestyret nemnde jubileet med eit ord. Når ikkje fleirtalskoallisjonen gjer det, gjer heller ikkje TVØ det.