tirsdag 11. desember 2012

Pengane skal vera brukt opp?

Fleirtalskoallisjonen som styrer Øygarden kommune er i trøbbel med budsjettframlegget sitt. Det høver tydelegvis dårleg for ein del personar. På ein Facebook-profil vert TVØ skulda for å ha brukt opp pengane. Dei som skriv det har rett og slett ikkje greia på kommunen sin økonomi. Kva pengar er det som er brukt opp? Ei av dei siste store investeringane kommunen gjorde var Alvheim vassverk med ein kostnad på 40 mill. kr. Var det slik at det ikkje var nødvendig? Eller vil nokon fortelja folket på Toft og Torsvik at trafikksikring og utbygging av vatn og kloakk som no pågår der, ikkje skulle vore prioritert?
Det ser også ut til at nokon har gløymt at AP også styrte i forrige periode.

TVØ måtte også omprioritera. Alvheim vassverk måtte byggjast til fordel for ny barnehage på Toftøy, med den kritikken som då kom. No er det den nye fleirtalskoallisjonen som må gjera prioriteringar.

Så til slutt: Kva pengar er det som er brukt opp? Det er levert overskot dei siste åra, også i 2011 og inn i 2012. Årsaka til at det no ikkje er nok pengar er at AP og Høgre har eit investeringsbudsjett på 121 millionar kroner, 121 millionar kroner. Korleis er det mogeleg å fremja eit så stort investeringsbudsjett lagt til 1 år? Så har ein ikkje oversikt, lover gjennomføring av valkampsaka om skule og så går ikkje reknestykket i hop. Dette må AP og Høgre ta ansvar for slik TVØ har gjort tidlegare år når ein måtte utsetja og omprioritera.