I nettavisa til BT kan me lesa om ein sentral høgrepolitikar i Bergen som meiner at bedriftene på Ågotnes skal betala for (eller forskottera) for ei ny Sotrabru: http://www.bt.no/jobb/Ber-naringsliv-betale-2820427.html
Politiske signal kan vera farlege og ha utilsikta konsekvensar. Kvifor akkurat bedriftene på Ågotnes? Kva med butikkane på Sartor, bedriftene i Øygarden og i Sund, eller for den saks skuld kommunane som har bruk for arbeidskraft? Kvifor ikkje næringslivet i Bergen? Mange pendlar til byen på arbeid, arbeidskraft som er viktig for byens næringsliv, eller?
Ny Sotrabru må betalast med bompengar og statlege midlar. Ny veg mellom Sund og Ågotnes er Fylkeskommunen sitt ansvar. Det er desse instansanse som først og fremst må utfordrast: Staten og Fylkeskommunen. Eg trur og folk flest vil betala bompengar for ny bru og nye vegar for å sleppa endelause køar.
Politiske signal kan takast på alvor: Me må passa oss så ikkje viktige bedrifter finn seg andre stadar å vera.
Eg håpar ikkje ytringane frå Bergen er offisiell høgrepolitikk. Det er politikarane sitt ansvar å sikra nok statlege og fylkeskommunale pengar til vegutbygging i Noreg.