lørdag 5. januar 2013

Høgre, Oslo, verda og samferdsle

Etter fylkesordføraren sitt nyårsmøte og eit engasjement frå politikarar kring samferdsle på Vestlandet mellom anna Sotrasambandet og om ein skal vera synleg i Oslo eller ute i verda,  må ein lura på kva Høgre egentleg meiner om viktig infrastruktur. Bakgrunnen kan du m.a. lesa her:

http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.10860814
http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.10860538
http://www.bt.no/jobb/Ber-naringsliv-betale-2820427.html

Ein sentral Høgrepolitikar i Bergen ville at næringslivet på Ågotnes skulle betala for ny Sotrabru. Høgreleiar Erna Solberg snakkar om vanskelege prioriteringar og at det er viktig med ferjefri E39 og at ein må finna straksløysingar for å avhjelpa køane mellom Sotra og Bergen. Henning Warloe frå Høgre peikar på at Bergen (og då også Bergensregionen) er usynleg i Oslo. Erna Solberg meiner at verda er viktigare enn Oslo, rett nok for næringslivet.

No er det slik at dei som har makt over lang planlegging, pengar og statleg ansvar set i Oslo. Dei set ikkje ute i verda. Det er nettopp politikarar som Erna Solberg som kan syta for at planlegging ikkje tek for lang tid og at det vert løyvd nok pengar til infrastruktur, også eit nytt Sotrasamband. Næringslivet kjem seg ut i verda på eigen hand. Det har dei gjort for lenge sidan. Det er Oslo som set på dei viktige pengane når det gjeld tilrettelegging og utbygging av god infrastruktur som næringslivet og folk flest har bruk for.

Har du som lesar av denne bloggen tenkt over kor mange pengar ein hadde hatt på bok no, om ein hadde starta innkrevjing av bompengar for 5 år sidan?

20 000 bilar i døgeret (det er eit forsiktig tal)  x 15 kroner i bompengar x 2 passeringar x 300 dagar x 5 år =
du kan rekna sjølv.

Det er enno ikkje sett av eit raudt øre til veg mellom Kolltveit og Sund og Kolltveit og Ågotnes. Det er fylkeskommunen sitt ansvar.