fredag 22. februar 2013

I nedtrekkstider

Du les sikkert om nedtrekk og driftstilpasningsprosjekt, i Øygarden kommune. Etter kvart har eg lært at både politikarspråk og byråkratspråk kan vera vanskeleg for folk å forstå. Me snakkar som advokatar og som om me var i ein rettsal. Vel, det er ikkje alltid like lett å finna dei rette orda.

Nedtrekk og driftstilpasning er ikkje anna enn at ugiftene må reduserast. Utgiftene må stå i forhold til inntektene og framtida må sikrast. Det er fleire måtar å redusra utgiftene på, ikkje minst rydda i skulestrukturen. Dersom me ikkje er villig til å gå laus på kostnadskrevjande område vil det går ut over talet på tilsette innanfor fleire område. Det er eit politisk val. I TVØ går me inn for ein slik debatt. Det er me førebels aleina om.

Det er og viktig med høg kompetanse hos tilsette slik at me gjer alt rett frå første stund og heile vegen. Feil og usikre medarbeidarar fører til kostnadar og arbeidet går seinare. Tilsette med kompetanse sikrar og at kommunen får dei inntektene me skal ha. Det er viktig å utvikla dei tilsette til trygge og effektive medarbeidarar.