lørdag 9. februar 2013

Gode tal for kyrkja i Øygarden

Eg har dei siste dagane arbeida med statistikkar og årsmeldingar og både fast tilsette og frivillige som arbeider i kyrkja i Øygarden (Den Norske Kyrkja) har all grunn til å gleda seg: I fjor var det 8000 menneske innom i kyrkjene i Øygarden på gudstenester i ei eller anna form, alt frå høgmesser til familiegudstenester. Det er nærare 1000 menneske meir enn i 2011 viser statistikkane førebels. I tillegg kjem alle som er med på andre samlingar som gravferder og bryllaup og alt anna arbeid i samarbeid med andre og som ikkje vert lagt inn i kyrkja sine statistikkar.

I fjor var det 200 born og unge på leir på Skjergardsheimen, i regi av soknerådet og samarbeidande organisasjonar. Omtrent alle 9. klassingane har vald kyrkjeleg konfirmasjon dette året.

Sjukefråværet i organisasjonen i fjor var lik 0.

Me er tilgjengeleg 24 timar i døgeret, på vakttelefonar både for prest og administrasjon:  www.kyrkja.net