onsdag 13. mars 2013

Hyggeleg møte med Kvitsøy

I går kveld var eg på oppdrag for KS ( www.ks.no ) på Kvitsøy. Kvitsøy kommune er ein liten øykommune i Boknafjorden. Flott natur, litt over 540 innbyggjarar og avgrensa areal.
Kommunen står framfor ei ny tid når Rogfast kjem og dei vert landfast gjennom undersjøiske tunnellar. Arealplanlegging er og vert viktig for kommunen. Dette var tema for seminaret i går kveld.

KS har utarbeida eit opplegg for arealplanlegging og kommunestyret sitt ansvar. Dette er ein del av folkevalgtprogrammet og ser ut til å vera interessant for kommunane. Eg er så heldig at KS har hyra meg inn som prosessrettleiar for temaet. Arealplanlegging er eit svært viktig politisk ansvar og ligg hos kommunestyret.

Ordførar Mirjam Ydstebø viste stolt fram kommunen sin og ikkje minst den flotte aktivitetshallen som samlar heile kommunen.

Les meir om Kvitsøy her: www.kvitsoy.kommune.no
Les meir om Rogfast her: http://www.vegvesen.no/Europaveg/e39rogfast