mandag 13. mai 2013

Svenn Martinsen tok avskil med Øygarden søndag 12. mai


Svenn Martinsen
Svenn Martinsen tok til som sokneprest i Øygarden i mai 2002, først konstituert og så fast tilsett frå 2003. Det vart 11 år i Øygarden. Han har teke avskil med kyrkjelydane i gudstenester i Hjelme, på Vik og sist sjølve avskilsgudstenesta i Blomvåg kyrkje søndag 12. mai. Det har vore fulle hus alle stadane, noko som vitnar om Svenn sin "standing" i Øygarden. Avskilsgudstenesta i Blomvåg vart eit høgdepunkt og ei verdig markering for avslutta teneste.

Svenn har vore ein flink prest. Å vera prest betyr og krevjande dagar. Han har stått løpet ut, saman med kyrkjelydane og med folk i glede og sorg. Takk skal du ha Svenn, med ynskje om mange gode dagar framover.