mandag 13. mai 2013

Samfunnet er sårbart

Me tek mykje som sjølvsagt, slik som vatn i springen og lys i pæra. I ettermiddag har heile Toftøy vore utan straum. Det var me vane med før, men i dei seinare åra har det vore så stabilt at me står der spørjande når straumen er borte, i alle fall "lenge". Det kunne gått lang tid før den kom tilbake, denne gongen. Men så ordna det seg. Korleis kan me lesa her: http://tinyurl.com/cgddkxl

Me skal vera førebudd på at samfunnet er sårbart, også lokalt hos oss. Det kan skje at det ikkje er lys i pæra eller vatn i springen. For oss er det etter kvart uvant, i nokre land er det slik kvar dag.