fredag 21. juni 2013

Debattane som uteblir -

Kva er det ein diskuterer
Då årsmeldinga for 2012 (Øygarden kommune) skulle diskuterast i kommunestyret var me meir oppteken av lay-out på årsmeldinga enn faktisk innhald. Slik følte i alle fall eg det. Det er lettast å seia noko om utforminga enn innhaldet. Det har vore slik før og, men når me no skal gjera vanskelege val for framtida (t.d. driftstilpassing) må me sjå på realitetane.

Meirforbruk i 2012
Frå Høgre vart det sagt i kommunestyret at dei måtte rydda opp etter TVØ. Faktum er at i 2012, med Høgre ved roret, brukte kommunen 18,4 millionar meir enn budsjettert. Før avskrivingar var meirforbruket på 39,2 mill. Rett nok kjem det sigande ekstrainntekter i løpet av året, men det er farlege greier å basera seg på at det skjer. Lønsutgiftene var 15 mill. over budsjett. Dette er like mykje som ein skal prøva å kutta i nær framtid. Ein kjøpte varer og tenester for 10 mill. kr. meir enn budsjett.

Eg trur ingen frå den politiske leiinga tok ordet til rekneskapen.

Elevtalsutviklinga
Fødselstala flatar ut. I 2009 vart det fødd 70 born i Øygarden. I 2012 54 born. Det er i snitt 13 born i kvar klasse. I ein av klassane vert det berre 8 born, dersom ein ikkje får tilflytting. Skulane skal no kutta enno meir i driftsutgiftene, på kvar skule. Dersom me skal driva driftstilpassing vert me nødt å ta dei vanskelege debattane.

Drikkevatn
Kommunen er i ei krise når det gjeld levering av drikkevatn til søre Øygarden. Ordføraren seier at ein skal halda hovudet kaldt og hjarta varmt. Det kjem ikkje mykje vatn i springen av det siste. Då hovudplanen for vatn og avlaup skulle diskuterast var det ikkje vilje til å diskutera problemstillingane. Brått vart ein så formell at dette var ein plan, her kunne ein ikkje diskutera realitetane. Dette måtte ikkje kommunestyret blanda seg borti. Planen skulle på høyring og det var viktig med respekt for det. Det var ingen som spurte kven som skulle høyrast. Kven er det som veit så mykje meir enn den spisskompetansen som er nytta for å få utarbeida planen? Det hastar med å få Blomvåg vassverk rehabilitert og forsterka. Det var ikkje vilje til å setja i gong slik planlegging no sjølv om det er kommunestyret som avgjer heile greia, både før og etter høyring, enten høyringa er no slik eller slik. Merkelege greier.

I tillegg planlegg ein no å kutta kr. 900.000,00 i m.a. lønsutgifter til Teknisk drift og service som skal sikra vassforsyninga til innbyggjarane.