torsdag 13. juni 2013

Kommuneplanen for Øygarden let venta på seg



Frå synfaringa med Fylkesmannen i 2010
i forbindelse med kommuneplanen.
foto: Olav Martin Vik (C)
 
I februar 2011 skreiv eg (då som ordførar og leiar av Planutvalet) at me kunne sjå konturane av ein avslutning av kommuneplanarbeidet fram mot slutten av året 2011.

No, over 2 år seinare vert det enno arbeida med planen.  Mykje skulle takast om att på grunn av/etter kommunevalet i 2011. Kva tid planan kan vedtakast i kommunestyret er uklart.



Det er snart 4 år sidan arbeidet vart starta og det er grunn til å spørja om arbeidet som no vert gjort er forankra politisk, i kommunestyret. Kommunestyret har gitt retning for arbeidet, men det er lenge sidan.

Det er viktig med ein oppdatert kommuneplan. På nokre område vert det vanskeleg å få til ei utvikling utan godkjende og framtidsretta planar.