Yngresen på blåtur i Pardalsmyra |
Fredag kveld hadde yngresen på Vik blåtur til Pardalsmyra på Toftøy. Barna kosa seg i det vakre sommarveret. Flott å ha denne plassen som frivillige har opparbeida.
Friluftsgudsteneste i Pardalsmyra. Prest: Bjarte Nese |
I dag søndag hadde kyrkja gudsteneste i Pardalsmyra. Sjølv om det regna og var kaldt møtte folk opp.
Tusen takk til frivillige som stiller opp både for barn og vaksne og som ikkje seier nei når dei vert spurt om hjelp.
Ei spesiell takk til Norvald Vik som er engasjert med arbeid for nærmiljøutvalet m.a. Pardalsmyra, turstiar og lokalhistorie.