torsdag 6. juni 2013

VestNytt og leiaren i avisa torsdag 6. juni om skular

Det leiaren ikkje omtalar er at det skal vera elevar i skulebygget og eit fagleg innhald. Det skal altså vera eit visst grunnlag for å ha eit skulebygg og det skal fyllast med ressursar som gir eleven den utdanning eleven har krav på. Dei omtala sparetiltaka vil og råka skulane om dei vert gjennomførte. Ei snittfordeling på alle skular gjer at ressurssituasjonen vert forverra. Det kan gå ut over elevane, samla sett. Det bør drøftast.