fredag 7. juni 2013

Tilbod til eldre som vert lite omtala

På onsdag tok eg i mot ei gruppe eldre frå Bergen som var på tur i Øygarden. Dei fekk eit kort foredrag om Blomvåg kyrkje, skulle ha ei stund for seg sjølv i kyrkja og reisa vidare til kystmuseet for fleire opplevingar.
Eg kunne sjå på dei eldre at dei hadde ei fin oppleving. Dei hadde til og med organist i pensjonistrekka.

På torsdag denne veka reiste eldre frå Øygarden på tur til Austevoll, i regi av eldretreffa i Øygarden. Denne årlege turen er ein del av kyrkja sitt arbeid. Turen var fullbooka med ein gong invitasjonen gjekk ut. Rundt 55 personar for avgarde. Tilbodet om "blåtur" har vore populært gjennom mange år.

Eldretreffa i Blomvåg og Hjelme samlar mange. Det er frivillige som i hovudsak driv arbeidet med støtte frå diakonimedarbeidar Bjørg Blom.

Det er ikkje berre dei store "events" som er viktige for folk. Det er like viktig å gi eldre som unge opplevingar, og som dei kan "leva på" ei stund.