torsdag 22. august 2013

Folketalsauke og kommunal planlegging

Iflg. tal frå SSB som kommunen har lagt ut, aukar folketalet i Øygarden, og det høgare enn kommunane elles i Hordaland. Det er hyggeleg med slike tal, men samstundes er det viktig å sjå kor veksten kjem og om det påverkar allereie lagte planar for kommunale tenester og utvikling.

Når utviklinga går fort må ein intensivera arbeidet med planar for kor folk skal bu og sjå til at den kommunale infrastrukturen taklar veksten. Det er eit politisk ansvar.

Uavhengig av kommunal planlegging, velkommen til nye innbyggjarar i Øygarden.