![]() |
Mobilfoto frå Utsira. Vindmøllene til venstre i bildet |
Det er eit viktig tema sett i lys av tilrettelegging for vekst.
Utsira er landets minste kommune. Båtturen over tok 70 min. For eigen del er eg glad havet var nokolunde stille. Eg er imponert over folket på Utsira som ikkje "gir opp samfunnet" sjølv under vanskelege rammevilkår. Dei arbeider for vekst. Det er bra og dei skal vera stolte av det. Me kan vera audmjuke me som ligg slik til at det veks av seg sjølv, omtrent.
2 vindmøller produserer energi som kan eksporterast til fastlandet. Dei vil ha 2 til. Vindmøllene skjemde ikkje landskapet. Dei gjorde det berrre meir spektakulært. Utsira innbyr til oppleving og det kan føra til vekst. Eg vart tatt godt imot og hadde eit fint møte med politisk leiing og administrasjonen. "Utsira gir energi" er deira slagord. Lykke til Utsira! www.utsira.kommune.no