tirsdag 24. september 2013

Ny Sotrabru - byggestart 17 år etter at bruselskapet vart etablert

I BT  (BT nett om ny Sotrabru)  kan me lesa om at Vegvesenet ser for seg byggestart på ny Sotrabru i 2017. Det er er på tide. Eg huskar godt då kommunane her i vest tok initiativet til eit "bruselskap". Det vart etablert like etter tusenårsskiftet. Kvar ein hadde vore plan- og tidsmessig i dag om ikkje selskapet hadde vorte etablert er sanneleg ikkje godt å seia. Det var laber interesse utanfor regionen, i begynnelsen.

No ser me borti anleggstart, men det vil ta nesten 20 år frå dåverande ordførar i Fjell, Ole G. Fredheim, samla folket rundt bordet for å få etablert bruselskapet, til ny Sotrabru står ferdig. Om det er lenge eller ikkje, på eit så stort prosjekt, er gjerne ikkje så lett å svara på, men ser me på trafikkutfordringane i vårt område, så er det krise, - at det tok så lang tid. Det vert spennande å sjå om ei ny regjering får opp tempoet i planleggings- og beslutningsprosessar. Det er det det handlar om.