mandag 30. september 2013

Rong som sentrumsområde

For mindre kommunar er det svært viktig å utvikla eit attraktivt sentrumsområde. I Øygarden er Rong sentrumsområde. Det har TVØ hatt fokus på i mange år. Skal butikkar overleva må det kundar til og helst nye kundar kvar dag. Dei må helst bu i gangavstand. Det må og vera andre tilbud, som gjer at sentrum "lever" på ettermiddag og kveldstid. I dette bildet er kommunen ein viktig samfunnsaktør og utviklar. No trur eg dei færraste veit kva som er tenkt og vert planlagt for Rong. Folk må og reflektera over kva som skjer ved ei eventuell kommunesamanslåing. Kva vert att av kommunale aktivitetar som i dag ligg att etter seg pengar, i sentrum eller hos næringslivet generelt?