torsdag 5. september 2013

Politisk gjennomføringsevne

I går kveld på TV sa Kåre Willoch noko viktig: politisk "gjennomføringsevne er viktig" når ein skal velja politikarar. Det er lett å prata, men vanskelegare når saker skal gjennomførast i praksis. Å gjennomføra er vanskeleg, særleg dersom ein ikkje går i takt. Det er krevande å vera politikar enten det no er på Stortinget eller lokalt. Pratefasen og vedtaksfasen er lettare enn gjennomføringsfasen. Det oppdagar ein etter erfaring.