tirsdag 5. november 2013

Planlegging og politisk engasjement

Frå plankonferansen

Gjennom rolla som prosessrettleiar for KS deltok eg på Hordaland fylkeskommune sin plankonferanse i forrige veke. Det var interessant.

Ordføraren i Drammen hadde eit knakande godt innlegg om korleis byen vart utvikla gjennom politisk engasjement og målretta arbeid, over mange år. Eit liknande innlegg hadde ordføraren i Kvam, om enn i mindre målestokk. Men, så har det vorte flott i Norheimsund.


Eg sakna sentrale politikarar frå kommunane i salen. Planlegging av mellom anna sentrumsområde er viktig og det er eit politisk ansvar å staka ut kursen og å ta del i prosessen. I planlegginga kan ein og få smetta inn eigen politikk.