fredag 1. november 2013

Sårbar drikkevassforsyning

Reint vatn er ein sårbar ressurs. Det får no store delar av Øygarden merka. Me tek mykje som sjølvsagt, men det som er sjølvsagt kan fort endra seg til ei utfordring. I dag følte eg det som om eg var tilbake i Afrika, der eg var for nokre veker sidan. Der må me og enten kjøpa eller koka oss til reint vatn. Tannpuss, kaffivatn, alt må tenkjast gjennom før neste bevegelse. Me er så vane med den springen, der det reine vatnet kjem ut.

Det er sendt ut kokevarsel som gjeld over 70 % av innbyggjarane i Øygarden. Varselet må takast på alvor og det er viktig at folk set seg inn i kva som ligg i at "vatnet må kokast". Varselet og koking av vatn er førebyggjande i ein situasjon der ein ikkje veit om alt vatnet som går ut på nettet er reint.

At eg må koka vatnet for ein periode er på ein måte underordna. Problemet er at vatn som ikkje er reint kan gå ut over folk si helse. Så er det slik at me skal levera vatn som er reint og ha anlegg som er i stand til å reinsa vatn, nok til å dekka behovet til ei kvar tid.

I ein slik situasjon kjem me ikkje utanom det politiske ansvaret for at tenestene fungerer: Eg viser til debatten m.a. i lesarinnlegg i VestNytt i sommar om prioritering av drikkevatn. Neste veke skal kommunestyret handsama plan for vatn og avløp.

Dette var det mi gruppe skreiv i eit innbyggjarbrev i sommar: TVØ sitt sommarbrev 2013