fredag 15. november 2013

Uforutsigbar politikk i Øygarden

Det er ikkje lenge sidan fleirtalet i kommunestyret beståande av m.a. Arbeiderpartiet, Høyre, og 1 uavhenging repr. gav rådmannen alle fullmakter for å fasa inn tiltak relatert til det såkalla Driftilspasningsprosjektet 2013. Me har heile tida høyrt frå den politiske leiinga at dette var noko rådmannen måtte gjera og no var ein godt i gong. Fagre ord frå talarstolen i kommunestyret har det vore heilt fram til no. Det vart brukt ein haug med pengar på konsulentar og folk som var i sving nesten ein halvt år med dette. Så er ikkje kontakten betre mellom ordførar og rådmann enn at no tek ein alle fullmakter tilbake og kuttar kontant 23 mill. kr i tillegg til dei 8 mill som rådmannen har funne så langt. Ser ein litt nærare på dette så kan ikkje dette kallast anna enn uforutsigbarhet. Korleis rådmannen oppfattar det veit eg ikkje, men eg trur mange ville følt at dette er på grensa til mistillit og underkjenning av heile Driftstilpasningsprosjektet 2013.

Arbeiderpartiet og Høyre skulle vera dei leiande innanfor økonomisk styring. Du bør lesa dei kommunale rekneskapa for korleis økonomien har utvikla seg dei siste åra. Den same gruppa av samarbeidspartnarar kom heim att frå formannskapet sitt budsjettmøte i fjor med eit investeringsbeløp for 2013 på 120 mill. kr. Det vart lite investert, i alle fall ikkje for 120 mill.

No skal det lånast 100 mill kr dei neste åra i følgje budsjettframlegget frå AP og H. Avdraga skal betalast over drifta. I tillegg kjem renter. Det krev ytterlegare kutt.