mandag 18. november 2013

Kven må gå, eller...? - i Øygarden kommune

Les ein VestNytt på lørdag vert budsjettforslaget for 2014 som fleirtalet AP og Høyre har kome med presentert som ei fin forteljing. Det vert referert til alt som skal gjerast. Det same opplegget kom ein heim att med frå budsjettmøte i formannskapet i fjor, berre at då var investeringane på 120 mill. Kva vart det av det? No er dei på 71 mill.
Som i fjor stiller VestNytt ingen kritiske spørsmål om korleis investeringane skal finansierast. Dersom fleirtalet skal redusera drifta med 23 mill frå 1.1.2014 med tillegg for 8 mill. som rådmannen har som forslag, så er spørsmålet: Kvar skal det kuttast? Kven har ein tenkt må gå? Eller skal ingen gå? Er det slik at alt skal kuttast på innkjøp eller forbruk? Nokon må ha tenkt og det bør belysast, eller...?

Slik det vert fortalt så er det ikkje berre tal på eit papir, men noko ein faktisk har tenkt å gjennomføra, alt frå 1.1.2014. Ein kan ikkje berre slenga rundt seg med tal med eit slikt innhald inn i ein organisasjon som ikkje er førebudd, utan at det er gjort ei førebuing av dei som gjer det.