tirsdag 4. februar 2014

Kva er det Arbeiderpartiet og Høyre held på med?

Etter å ha lese VestNytt i dag er det all grunn til å spørja kva Arbeiderpertiet og Høyre i Øygarden held på med. Driv dei og leikar med dei tilsette? Dei måtte då ha planlagt tiltak og konsekvensar då dei sette ein heil kommune i gong med å planlegga ekstra kutt på ca 25 mill kr. Alle måtte forstå at det var umogeleg utan å seia opp folk. Reknestykket var enkelt (sjå innlegg frå 18.11. lenger nede på sida)
No skal ingen seiast opp. Det var nesten som forventa. Kommunen kunne rekna med arbeidsrettsak på arbeidsrettsak i lang tid framover. Korleis kunne ein begrunna oppseiingar når kommunen går med stort overskot? Er det ingen som har konsekvensvurdert påfunnet før det var sett ut i livet?
No dukkar det opp ei ny utfordring som må forklarast: Kva var den egentlige grunnen til det akutte behovet for pengar? og korleis har ein tenkt å fylla holet i reknestykket når kutta vert minska.