torsdag 6. februar 2014

Born utan barnehageplass i Øygarden

Det er born som ventar på barnehageplass i Øygarden. Dei er født på feil tidspunkt på året og kjem inn under dei styrande sitt regelverk om inntak. Politikarane sentralt i Noreg burde skjemma seg. Først vil dei ha kvinne og mann ut i arbeid, alle skal i barnehage, lovar full barnehagedekning, men regulerer det gjennom lovar slik at foreldra kan risikera å stå utan plass i nesten 2 år. Kven skal passa borna når permisjonstida er oppbrukt og ein må tilbake i arbeid.
Kommunen kan ikkje gøyma seg bak lovverket. Eg har meint heile tida at vekstkommunen Øygarden skal ha/må ha ledige plassar som fangar opp vekst og tilflytting. Det har sin prislapp, men slik er det for ein vekstkommune. Det er eit politisk ansvar å syta for at dei som bur i Øygarden og vil ha barnehageplass skal få det, og det fort!