torsdag 13. februar 2014

Kva skjer etter kommunestyret sitt budsjettvedtak 12. februar?

Kommunestyret i Øygarden handsama på nytt Budsjettet for 2014 etter at rådmannen hadde lagt fram sine budsjettkutt.

Det nye fleirtalsvedtaket (AP, Høyre, SV og Uavhengig) er vanskeleg å forstå konsekvensen av. Eg har prøvd meg på ei konsekvensvurdering. Vedtaket må sjåast opp mot vedtaket frå budsjettmøtet i desember 2013, elles får ein ingen samanheng.

Det er no krav til 5 mill i kutt på løn for 2014. I tillegg ligg det inne frå desembermøtet kutt totalt på 8,7 mill. Det er noko vanskeleg å få oversikt over andelen løn, men om ein reknar at 4 mill. er løn, så skal det kuttast totalt kr. 9 mill i løn i 2014.

Før ein får sett dette ut i livet vil det første halvåret av 2014 ha gått. Det betyr at det er att halvårsverknad noko som medfører at for å nå målet om kutt så må det ut 36 årsverk (9 000 000 delt på 250 000). (1 heilt årsverk er rekna til 500 000).

Primært skal dette skje via naturleg avgong, står det i vedtaket. Det er altså 36 (eller om ein berre reknar dei 5 mill. om det er det vedtaket meiner: 20 årsverk) menneske eller årsverk som finn ut at dei går frivillig.

Eg veit ikkje om eg har forstått vedtaket fullt ut. I alle fall er konsekvensane formidable for både menneske og tenester, om vedtaket skal takast på alvor for 2014. Det er for 2014 budsjettvedtaket gjeld.

Dersom eg ikkje har forstått vedtaket så beklagar eg. I alle fall så røysta mi gruppe (TVØ) og FrP i mot dette forslaget. Me hadde vårt eige budsjettforslag.