fredag 7. februar 2014

Vatnet frå springen kan drikkast

Vatnet som kjem frå Blomvåg vassverk til heile søre del av Øygarden kan no drikkast frå springen. Det er bra. Tilsette i Øygarden kommune syter for at vassverka leverer vatn heile døgeret. Blomvåg vassvert er særleg sårbart. Pumpene går kontinuerleg. Misfarga vatn vert det ikkje slutt på før tidlegast sommaren 2015. Utfordringa for Blomvåg vassverk, sjølv etter at nytt anlegg står ferdig, er kapasiteten på vasskjelda. Ein må og vera klar over at vasskjelda Steinsvatnet, på line med andre vasskjelder, er utsett for same faren for algeoppblomstring som me har i Stegeviksvatnet. Det har ført til at Toftøy vassverk er ute av drift.

Det er difor viktig at framtidige vassverk, inklusive Blomvåg, får reinsing for algar. Så bør ein få opp att Toftøy vassverk slik at ein sikrar abonnentane nok vatn til alle føremål, uansett årstid.