fredag 29. oktober 2010
"Drittlei av bo på Sotra" oppslag i VestNytt om bilkøane
Mildest sagt så er dette ei uheldig overskrift, men fortel at frustrasjonen er stor hos ein del menneske som opplever bilkøane til og frå Sotra som eit stort problem. Eg er redd for at dette skal spreia seg. Det er ikkje bra for hverken kommunane eller bedriftene. Målet må vera å busetja flest mogeleg vestom brua og at dei kan ha sitt arbeid i våre kommunar. Så er det store spørsmålet: kor har vegpengane gått i fylket dei siste åra? Kva er det som gjer at ein ikkje ein gong har fått pengar til midlertidige tiltak. Det er ikkje kommunane som skal bruka sine pengar på denne typen vegar. Det er eit fylkeskommunalt ansvar saman med Staten. Me har sanneleg trykt på dei siste åra for å verta lagt merke til. Håpar at pengane no kjem, snart 10 år etter at me starta arbeidet med å realisera eit nytt Sotrasamband.