onsdag 27. oktober 2010

Kuling synnavind, regn og synfaring

Dagen har gått med til synfaring i forbindelse med saker som gjeld kommuneplanen. Planutvalet gjekk systematisk gjennom område i kommunen der det er søkt om tiltak som ikkje er enkle å løysa. Mellom anna har Klyva AS søkt om ein familiepark på Toftøy. Typisk haustver med sterk vind og regn. Flott å vera ute og  møta menneske som har planar om tiltak dei ynskjer å få realisert.

Etter synfaringa har me hatt eit ordinært møte i planutvalet.