Måndag gjekk delvis med til intern test av kriseleiinga, øving på Kollsnes saman med Politiet og test av varslngssystem. Konklusjonen er: me skal klara å takla ei alvorleg krise, saman med andre viktige samfunnsaktørar, som t.d. Politiet. Det er viktig å øva slik at me kan avdekka svake ledd i systemet.
Kontrollutvalet kjem med ein rapport om barnevernet. Eg fekk ei orientering måndag. Det er ein del forhold som må rettast på. Det vert no arbeidd med. Brukarar av barnevernet skal vera trygg på at kommunen gjer ein god jobb.
Kvinner i lokapolitikken er eit prosjekt i vår kommune. Me vil ha inn fleire kvinner i kommunestyret. Det betyr nok kvinner på rett plass når partia lagar vallistene. No vil me bruka kvinnene i kommunestyret til å vera ambassadørar for denne saka, fram mot kommunevalet i 2011. Men, det betyr og at veljarane ikkje må retta så mykje på listene. Kvinnene i kommunestyret besøkte Stortinget og barne- og likestillingsministeren måndag og tirsdag. Eg fekk vera med på ein liten workshop om dette temaet måndag ettermiddag.
Tirsdag var det møte i Oslo med NVE om konsesjonar på kraftliner og kraftkablar i vårt område. Dette er svære saker som har stor samfunnsbetydning for Øygarden. Me arbeidar i lag med Radøy, Lindås og Austrheim kommunar. Det var Agnar Aas, direktøren i NVE som tok imot oss. Det vart eit godt møte.
Konsesjon for kraftlina Mongstad-Kollsnes vert ikkje gitt før utpå nyåret neste år. Dette har samanheng med konsesjonssøknaden frå Statoil om kablar til Trollfeltet.