tirsdag 30. november 2010

Variasjonar krydrar dagen

Måndag kveld var det nabokontaktmøte for Kollsnes prosessanlegg. Representantar frå nabobygdene til anlegget, kommunen og Statoil var tilstades. Aktuell informasjon frå Statoil, m.a. om nye installasjonar til over 1 mrd og ein mannskapsstyrke på nærare 300 personar. Nils Halland som har vore direktør på anlegget i nærare 10 år sluttar ved årsskiftet. Han har opparbeidd eit nært og godt forhold til kommunen.

Tirsdag opna eg pepperkakeutstillinga på biblioteket, Rong senter. Born frå barnehagane og elever var med på opninga. Geir Barsnes spelte gitar og song. Mange kilo deig har godt med til produksjonen av pepperkakehus, tog, menneske og mange andre ting. Kreativiteten har vore stor.

Seinare på dagen var det styremøte på Askøy i Sambandet Vest AS der og Øygarden er medeigar. Dette er eit selskap som arbeider for veg mellom Nordhordland og Øygarden. Etter erfaringane frå Sotrasambandet veit me at slike vegplanar tek tid. Det er berre å jobba systematisk og målretta. Eit interessant prosjekt men som må gjennom mange utgreiingar og konsekvensanalysar før me ser konturane av løysingar.