onsdag 1. desember 2010

Kulde med konsekvensar

Det er eit nydeleg ver med romantiske kveldar med stjerner og måne. Men, det er kaldt. Ledningsnettet frys, det frys til bein, både private anlegg og nokre kommunale anlegg. Kommunalt mannskap og innleigd mannskap arbeider på spreng for å hjelpa folk. Kommunen strekkjer seg langt, sjølv om nokre av problema er eit privat ansvar.

Ikkje la vatnet renna. Eg er klar over at det kan føra til problem men kommunale vannverkt slit med kapasitetet. Me klarar ikkje å halda trykket oppe. Stoppar våre anlegg har me eit alvorleg problem.

Kommunen har høyna beredskapen som følgje av kulden. Me ynskjer å vera i forkant dersom det skulle oppstå ein krevjande situasjon, enten det no er vannlednigsbrot eller uforutsett straumbrot.

For meir informasjon, sjå vår heimeside: http://www.oygarden.kommune.no/