Velferdsutvalet inviterte til førjulsfest for tilsette. Tusen takk skal de ha for eit flott arrangement. Tidlegare brannspelar Arne Møller var hyrt inn som konferansier. Veldig bra. Fin song av Øygarden Barnekantori.
Eg inviterte Alexander Dale Oen for at han skulle snakka litt om korleis motivere seg sjølv til gode prestasjonar. Tilfeldigvis var det i dag at eit japansk TV-selskap (Asias største) følgde han gjennom ein dag. Dei kom og på førjulsfesten.
Alexander gav oss ein god leksjon i motivasjon og eg vart intervjua av TV-teamet. Litt av ein kveld.