Feite overskrifter i ei avis kan ta motet frå nokon og einkvar når bodskapen er lite positiv. Eg ser at fornminna på Tjeldstø gir overskrifter. Som ordførar er det mi oppgåve å losa saker gjennom kronglete korridorar. La oss no ta utfordringane i rekkefølgje når det gjeld skulen på Tjeldstø, så får me sjå kva me kan få til av løysingar gjennom samtalar med involverte partar.