søndag 12. desember 2010

Flott julekonsert med elevar frå Øygarden ungdomsskule

Det vart ei flott oppleving, julekonserten med kor og solistar frå Øygarden ungdomsskule. Nesten 2 timar, koret var bra, solistane stod i kø og song trygt til trass for sine unge stemmer, flinke profesjonelle musikarar, lyssetting i det elles så triste lokalet gjorde heile konserten til ei flott oppleving. Gratulerer!

Bak arrangementet står ungdomsskulen og MOT i Øygarden. Som det vart sagt, ildesjeler er viktige og me må berre gi stor ros til Arne Gunnar og Øyvind Solsvik som er lærarar ved skulen. Dei har og ansvaret for MOT i kommunen. Takk skal de ha!

ps. dei hadde to konserter denne kvelden.