torsdag 13. januar 2011

O-faktoren og framsnakking

I BT, for nokre veker sidan, skreiv Siri Lill Mannes om O-faktoren. Ho viste til at fylkesmann Anne Enger under ein konferanse hadde spurt kven vår tids helt er? Jau, det er den som klarar å finna feil hos andre (samanlikna med revisoren). Me er meir oppteken av andre sine feil enn å skapa. Eit nytt begrep skriv Siri Lill Mannes om: LFF eller Lammande Frykt for Feil. O-faktoren betyr å leita etter det beste i mennesket og brukar du høg O-faktor over tid, vert du immun mot LFF. Framsnakking er ein del av O-faktoren. Konklusjonen vert: løft fram dei som skapar og oppdagar, ikkje "revisoren".