tirsdag 4. januar 2011

Nyårskonferansen 2011 -

Fylkesordføraren inviterte til nyårskonferanse idag (årleg hending). Interessante innlegg, m.a. frå Erna Solberg. Ho lanserer no ein demokratireform der meir makt skal flyttast til kommunane, m.a. i plansaker.

Det står etter måten bra til i fylket vårt. Det er vekst og næringslivet har så langt komen seg gjennom finanskrisa. Utbygging av kollektivtilbodet og vegnettet vårt er viktige satsingsområde. Sotrasambandet står høgt på denne lista. Sjølv om alt går på skinner for dette prosjektet når det gjeld planlegging så tek det nesten 10 år før det er ferdig bygd. Fergefri kyststamvei er det semje om i fylkestinget.

Keith Bellows frå National Geographic hadde foredrag om turisme og potensialet for vidare utvikling av interessante opplevingar i Norge og på Vestlandet. Fjord Norge er rangert høgt. Det er og eit potensiale for oss her ute ved kysten.

Heile konferansen er streama og kan sjåast på: http://media.hfk.no/tcs/
Sjå og: http://www.hordaland.no/