Som de ser av kalenderen min ute til høgre i bloggen skal det vera møte i Petroleumsnettverket. Eg skal kort forklara kva dette er for noko.
Ilandføringskommunane for olje og gass har eit prosjekt gåande i 3 år i regi av KS (http://www.ks.no/) Det er no slutt, men me har bestemt oss for samarbeida vidare i eit nytt nettverk. Eg er vald til leiar i interimsstyret som skal meisla ut den nye organisasjonen. Desse kommunane er med: Aure, Aukra, Austrheim, Lindås, Øygarden og Tysvær, alle med store ilandføringsanlegg. Me vil samordna oss mot sentrale styresmakter, selskap og næringslivet når det gjeld verdiskaping, kommunikasjon, miljø og eigedomsskatt. Det er og viktig å sikra framtida for desse anlegga.
Eg vonar kommunestyra i dei respektive kommunane sluttar seg til nettverket. Eg meiner det er viktig i m.a. høve framtida for desse anlegga som betyr så mykje for dei aktuelle kommunane. Me har eit mål om å ha det meste på plass til våren.