Kommuneval og kvinner
Det er kommuneval til hausten. Valdagen er sett måndag 12. september. Kommunen har ansvaret for sjølve gjennomføringa av valet og eg er leiar i valstyret. Det er ei stund til valet men vekene og månadane går fort. Partia og gruppene arbeider med vallistene sine. Eg har tidlegare i bloggen sett fokus på behovet for kvinner som stiller seg til rådvelde i politikken. Det har ikkje vore heilt lett å få kvinner til å stilla på listene. Du som veljar har rett til å gi personrøyster ved valet. Men, ta omsyn til kvinneandelen i det kommande kommunestyret når du går til valurna og eventuelt nyttar retten din til å retta på røystesetelen.
Dersom du har tid og ynskjer meir informasjon så les: http://www.valg.no/
Politikken i eit valår -og elles
I eit valår vil gruppene/partia spissa sin politikk, litt meir enn elles. Dette vil nok sikkert og koma til uttrykk i handsaming av saker fram mot valet. Slik er det. Det er viktig at du som veljar kan sjå forskjellane, slik at du kan gjera eit val som du meiner er rett. Ingen er tent med ein "vassen" og uklar politikk. Politikk er å prioritera og peika på retninga for utviklinga av kommunen. Politikken må difor vera tydeleg.